Reduksjon av tomteprisar i kommunale tomtefelt

Kommunestyret vedtok å setje ned tomteprisane i Naustbakkane, Sagehaugen II, Steinset og Utvik. Søknad om tildeling av tomt må vere kome inn til Stryn kommune innan tysdag 2. juli kl 12.00. Tomtene vert tildelt etter gjeldande tildelingsreglar. Etter første tildeling vert tomtene som står att tildelt etter kvart som søknader kjem inn.

Kommunestyret vedtok i sak 061/19 18.06.2019 å setje ned tomteprisane i fire kommunale byggjefelt. 

KS- 061/19

Vedtak 1:
For følgjande tomtar blir anleggsbidraget redusert med 50 %: «Sagehaugen II» (tomt nr. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 19, 20,21),  ( «Naustbakkane» (tomt nr. 3, 4, 5, 9, 12, 14, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 21) og «Steinset» (tomt nr. 2, 5, 6). Tomt i Utvik sentrum (gnr./bnr. 157/91) vert friteken frå anleggsbidrag. For alle tomtar der anleggsbidraget vert redusert med 50 %, gjeld følgjande vilkår: Tomta må vere teken i bruk (byggemeldt tiltak) innan 1 år frå tildelingstidspunktet. Det kan i utgangspunktet berre tildelast ei tomt per søkjar. ·
Stryn kommune har rett til å kjøpe attende tomta dersom vilkår for tildeling ikkje vert oppfylt. Tomta kan berre nyttast til bustadføremål (regulert føremål).

Vedtak 2. Der tomtekjøpar får eitt eller flere born innan fem år frå formell innflytting, vil Stryn kommune utbetale ein eingongssum på 50.000,-  Dette vert finansiert gjennom bruk av disposisjonsfond.

Vedtak 3. Prisreduksjon skal evaluerast etter 2 år, dette for å vurdere om ein må justere prisen.

Vedtak 4. Dersom det melder seg kjøpar til BK1 i Naustbakkane til fortetta bustader, skal Stryn kommune koste regulering.