Informasjon om koronavirus

Beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 måndag til fredag 09.00 - 12.00

Sentralbordet 57 87 47 00 er bemanna som vanleg i tida 09:00 -15:00.

 

Frå kommuneoverlegen: Oppdatert 11.09.20.

Kva skal du gjere viss du mistenker at du er smitta med koronavirus (covid-19) eller annan luftvegsinfeksjon? (PDF, 257 kB)

Dei vanlegaste symptoma på covid-19 er òg vanlege ved andre luftvegsinfeksjonar som forkjøling og influensa. Mange får hoste og/eller feber. I tillegg er det vanleg med nedsett smaks- og luktesans, hodepine, slapphet og muskelverk. Etter kvart utviklar mange tungpustethet. Ved mindre alvorleg sjukdom kan symptoma òg minne om allergi.

Kunnskapen vi har så langt tyder på at ein er mest smittsam i dagane rett før og rett etter symptoma startar. Det vil seie eit ein kan vere vesentleg smittsam før ein sjølv merke at ein er sjuk.  Når symptoma forsvinn blir du raskt mindre smittsam.

Hugs:

- God avstand til andre (minst 1 meter)
- God handhygiene
- Hald deg heime ved sjukdomskjensle

Marius Solbakken
-kommuneoverlege-

 

Nasjonale føringar

Stryn kommune følgjer alle retningslinjer og rettleiarar som er utgitt av nasjonale myndigheiter, og gjev ingen dispensasjonar frå desse. 

 

Saka vert oppdatert når ny informasjon ligg føre.

 

Korona

Informasjon til foreldre om barn og koronavirus

Her finn du kortversjonen av det du treng å vite som foreldre i forbindelse med koronasituasjonen:
Informasjon til foreldre om barn og koronavirus

Dersom barn har akutt luftvegsinfeksjon

Har eg koronavirus, forkjøling eller allergi ?
Hjelp oss å distribuere info om korona til turistar og reisande

Helsedirektoratet har utarbeidd informasjonsmateriell på ulike språk som lett kan lastast ned, printast og hengast opp på stadar der reisande ferdast. Sida blir oppdatert med meir materiell. Takk for hjelpa.

 

Informasjonsmateriell på ulike språk

Stryn omsorgssenter og Vikane omsorgssenter

Rutine for besøk på Stryn omsorgssenter

Det er no lagt til rette for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar under Covid-19 pandemien. Det er viktig at du som besøkande kjenner til og følgjer desse råda:

  • Besøket skal avklarast med omsorgssenteret på førehand. Dørene på omsorgssentra vil framleis vere låste. Besøket skal hentast og førast ut.

  • Omfang av besøk innandørs er avgrensa til inntil 2 personar pr pasient. Dersom det er vanskar for barn å sitte i ro, anbefaler vi besøk ute. Er barn med på besøk på rommet må foreldre/ besøkande ha ansvar for reinhald av kontaktflater som barnet har berørt.

  • Besøket er i tidsrommet 1200 – 2000 alle dagar. Det kan likevel skje at det pga av ressursmangel ikkje kan vere mulig å motta besøk i enkelte tidsrom.

  • Besøkande skal ikkje ha luftvegssymptom eller andre symptom på sjukdom, vore på reise i utlandet eller i heimekarantene. Du må svare nei på disse spørsmåla før besøk:

    Har du vore utanfor Norge dei siste 14 dagane?

    Har du symptom som sår hals, feber, hoste eller er uvel?

    Har du vore i kontakt med nokon som har fått bekrefta covid-19?

    Er du eller nokon i husstanden i karantene?

  • Besøkande skal utføre handvask på anvist stad før besøket.

  • Besøkande skal vere på rommet til pasienten/ brukaren, og ikkje opphalde seg i fellesareal.

  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til personale, andre bebuarar, og så langt som det er råd unngå fysisk kontakt med den pasienten dei besøker.

  • Pasientane kan ta i mot gåver og blomster. Det er ingen regler for dette, men det er viktig å følgje retningsliner for god handhygiene. Har du med mat skal alle utføre handhygiene før og etter maten blir servert og innteken.

  • Det blir ført protokoll over kven som har vore på besøk.
     

Rutine for besøk på Vikane omsorgssenter

  • Besøket skal avklarast med omsorgssenteret på førehand. Dørene på omsorgssentra vil framleis vere låste. Den besøkande skal vente ved besøksbenken på tunet og vert henta inn. Skal også følgjast ut igjen av personalet etter besøket .

  • Omfang av besøk innandørs er avgrensa til inntil 2 personar pr pasient. Dersom det er vanskar for barn å sitte i ro, anbefaler vi besøk ute. Er barn med på besøk på rommet må foreldre/ besøkande ha ansvar for reinhald av kontaktflater som barnet har berørt.

  • Ved utebesøk vert bebuar følgt av personalet til besøksbenken der besøket overtar ansvaret for brukaren. Ein kan då opphalde seg ved stien nede ved elva rundt trygdebustaden. Den besøkande må då ta ansvar for at bebuaren ikkje kjem i nærkontakt med andre personar.

  • Besøket er i tidsrommet 1200 – 2000 alle dagar. Dei fleste er der i 30 – 45 minutt. Om ein har behov for lengre besøk kan ein avtale det. Det kan likevel skje at det pga av ressursmangel ikkje er muleg å motta besøk i enkelte tidsrom.

  • Besøkande skal ikkje ha luftvegssymptom eller andre symptoma på sjukdom, vore på reise i utlandet eller i heimekarantene. Du må svare nei på disse spørsmåla før besøk:

    Har du vore utanfor Norge dei siste 14 dagane?
    Har du symptom som sår hals, feber, hoste eller er uvel?
    Har du vore i kontakt med nokon som har fått bekrefta covid-19?
    Er du eller nokon i husstanden i karantene?

  • Besøkande skal utføre handvask på bebuaren sitt rom med ein gang ein kjem inn på rommet.

  • Besøkande skal være på rommet til pasienten/ brukaren, og ikkje opphalde seg i fellesareal.

  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til personale, andre bebuarar, og så langt som det er råd skal dei unngå fysisk kontakt med den pasienten dei besøker.

  • Pasientane kan ta i mot gåver og blomster. Det er ingen førehandsreglar for dette, men det er viktig å følgje retningsliner for god handhygiene. Har du med mat skal alle utføre handhygiene før og etter maten blir servert og innteken.

  • Det blir ført protokoll for kven som har vore på besøk.

 

 

 

Råd til arrangement, konfirmasjon og sosiale samankomstar

Hald minst 1 meter avstand:
Minst 1 meter mellom personar som ikkje er i same husstand, og maks 20 personar samla i private samanhengar. Arrangement på offentleg stad: Inntil 200 personar.
Arrangørar av kultur- og idrettsarrangement, samt andre tilsvarande arrangement, må følgje reglar for tal deltakarar og halde avstand. 

Fhi om arrangement, samlingar og aktivitetar

Råd frå helsenorge om arrangement, konfirmasjon og sosiale samankomstar

 

 

Serveringsstadar - sjå rettleiar frå NHO reiseliv

Frå og med laurdag 8. august vart det forbode for skjenkestader å servere alkohol etter midnatt. Regjeringa innførte eit nasjonalt forbod. I byrjinga av september vil Regjeringa gjere ny vurdering av gjenopninga og smittesituasjonen i Norge.

Regjeringa innfører krav om bordservering ved arrangement frå 20. august

NHO reiseliv rettleiar for handtering av smittevern ved serveringsstadar

Campingplassar - bransjenorm for smitteverntiltak frå NHO reiseliv

I samsvar med den gradvise og kontrollerte opninga av samfunnet, har det vore relativt strenge retningslinjer for drifta av campingplassane i kommunen i samband med Covid-19.

 

Kommuneoverlegen si vurdering er gjort på bakgrunn av tilrådingar frå FHI og Helsedirektoratet. Det er framleis ein god situasjon med lite smitte i lokalmiljøet og i landet elles, og vurderinga er at det er forsvarleg å fjerne nokre av dei restriksjonane som har vore.

 
Frå tysdag 26.05.2020 er retningslinjene for campingplassane i kommunen at drifta til ei kvar tid skal vere i samsvar med NHO Reiseliv sin bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske campingbedrifter.

 

NHO reiseliv bransjenorm om handtering av smittevern på campingplassar

 

Smittevern i idretten
Vi kan kome til å trenge deg. Registrer deg som helsepersonell eller frivilleg

Folket i Stryn har dugnadsånd. I tilfelle vi skulle ha behov for ekstra ressursar,  ber vi helsepersonell som ikkje jobbar innanfor faget no, og folk med annan kompetanse om å registrere seg på skjemaet.

Helsepersonell som allereie jobbar innanfor faget må gjere sin innsats der dei allereie er.

Skjemaet for helsepersonell er til dei som har helsefagleg kompetanse ,og har kapasitet og lyst til å bli med dersom vi treng ekstra ressursar. Dei med helsefagleg kompetanse som jobbar i andre sektorar i  Stryn kommune treng ikkje registrere seg her

Registrering av helsepersonell

Registrering av frivillege

Oppdatert informasjon frå Fylkesmannen i Vestland
Informasjonsplakat om korona som kan printast ut

Torsdag 14. juni kl 10.00 – 12.00 arrangerer Stryn helsestasjon, i samarbeid med ambulansepersonell, temagruppe om førstehjelp til barn.

Aaland Arkitektkontor AS har, på vegne av Moldreim Skifer AS, starta opp planarbeid for utviding av eksisterande masseuttak på Moldreim i Utvik.

Grunna stor brannfare er arbeidet med kantklipping langs kommunale vegar stoppa. Gnistar frå klippinga kan antenne den tørre vegetasjonen. Arbeidet vil starte opp igjen når brannfaren er redusert.

Stryn brannvesen innfører totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i Stryn kommune. Dette gjeld frå i dag, 28. mai, til det kjem betydelege mengder med nedbør.

Stryn kommune har rusta opp stien på austsida av Vikaelva og anbefaler deg å prøve denne flotte løypa. Du kan starte på Tonningsøyra eller på Tonningkamben og gå langs sti heilt fram til Hogden, Ullsheim eller Gulkoppen.

Kunngjering om eigengodkjenning. Reguleringsplanen legg rammer og føringar for justert veglinje og endra utbyggingsmønster langs ny sambinding mellom Fv 60 og området Rake/ Oppheim.

Kunngjering om eigengodkjenning. Hydla Klatrepark og gjestegard skal etablerast vest for Stryn skisenter i Stryn kommune.

Det er planlagt to nye hus i Hjellebakkane. Planframlegget blir lagt ut på Buda i Hjelledalen og på Servicekontoret til Stryn kommune 29. mai og ligg fram til fristen går ut 10. juli.

«Den kulturelle spaserstokken» skal leggje til rette for gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt.